Visst og uvisst


Dette koronaviruset er skremmande for oss! På børsen er uvisse det verste som finst. «Haussing og baissing» er ingenting mot uvisse. Og slik verkar koronaviruset på heile samfunnet vårt, det set oss i uvisse. Korleis går eigentleg dette? Kor gale går det? Ingen veit heilt. Ingen ekspert kan vite heilt heller, hovudgrunnen til det er vel at koronaviruset oppfører seg noko annleis enn andre virus.


Når ein ikkje veit, men står overfor noko som truar, så må det handling til! Nokre gjorde akkurat det, i dobbel forstand, og tømte butikkhyllene. Våre øvste leiarar er stilt på si livs prøve: Skal vi la det skure og håpe det beste, eller må vi rett og slett gjere noko drastisk vi ikkje har gjort før, i alle fall ikkje dei siste 70 åra?

Italia var det fyrste landet i Europa som drog til med å stenge ned samfunnet for å hindre møte mellom menneske, og dermed smitte. Eg kan sjå for meg kvalane til Erna Solberg!


Menneska er rare, og politikarar er tydelegvis ein slags menneske, dei og. Kva eg tenker på, spør du? Jau, småtteri kranglar ein gjerne om. Med småtteri reknar eg også arv. Men når vi står overfor felles fiende endrar vi oss, plutseleg slår eit urinstinkt inn og vi ser større på ting og tenker at «no må vi dra lasset i lag». Dei aller fleste av oss reagerer slik, og slik ser det ut til at eit samla storting har reagert. Det synest eg er fint å oppleve.


I ei tid med uvisse, er det så ekstra viktig med eit trygt nærmiljø. Dei fleste av oss er flokkdyr. Når vi alle er i same båt, så gir det følelse av at ting er rimeleg trygt, sjølv om situasjonen ikkje er heilt under kontroll. Det geografiske området som no ei tid har vore kjent under namnet «Indrefileten» kan vi sjå på som vår flokk sitt revir. Også slike som meg, som ikkje er der reint fysisk for tida og som gjerne lirar av meg både det eine og det andre til tider, kjenner på «El Solomillo» som noko trygt.


Indrefilet finst på alle språk og kjenner ingen grenser. Og no skal altså «Le Filet Gambon» itself få si eiga blekke. «The Tenderloin Intelligencer» og «Lendenstücker Allgemeine» synest eg er smakfulle engelske og tyske namn på avisa. Eg måtte berre prøve Google Translate litt, kunne kan det russiske namnet vere, tru? Jau, «Isvestia vyrezka». Smak på det, du! Isvestia vyrezka!


Steiker du ein indrefilet, så blir den rå, medium eller well done. Vår Indrefilet er både rå og well done på same tid. Heile spekteret gjer Indrefileten spennande, og det skal bygdeavisa vår rapportere om i tida som ligg føre oss. Lat også det vere noko visst og trygt i ei tid med uvisse! Sjølv skal eg forsøke å gjere eit forsøk på å bidra til «Indrefiletens Adressetidende» ved å ha ei lita spalte der eg mimrar litt, tullar ein god del og kanskje kjem med eit hælspark i ny og ne. Men for no, lukke til med avis, herr redaktør! Og, gode bygdefolk, vi høyrest att om to veker!

- Olav