Mot Normalt -av Olav Dovland

Her har professoren fra Vegusdal sett på noen tall som bør få oss til å tenke realiteter. Hen tar opp utfordringen med alle de barna som sliter i sine hjem. Han kløyver Statsbudsjettet i sanne ord på en fortreffelig måte. NAV er han innom det samme selvsagt med Korona, om hva det vil koste oss etter dette, og om boligprisene fremover.

Denne kronikken er det virkelig verdt å lese.



Leif Juster i fra "Mot Normalt", som fortsatt er aktuelt i dag og ligger på You Tube



Me hugsar vel alle Leif Justers klassikar «Mot normalt». Her møter me ein fyr som irriterer seg voldsomt over bruk av statistiske data og som har si eiga oppfatning av kva ordet normalt betyr. Eg føler meg litt på same måten om dagen av alle tal som svirrar rundt. Mange ser ut til å tenke at når noko er eit tal, så er det sannare og meir påliteleg enn om ikkje det er eit tal, og så lagar ein tal for å verke overbevisande. Og grafar for å drepe siste fnugg av tvil.

Nokre tal er store og nokre tal er små, og nokre er meir sanne enn andre. Folketrygda stikk av med ein tredel av Noregs statsbudsjett, eller kloss på 500 milliardar kroner. Utgifter til regionale helseforetak er 167 milliardar. Ein nidel av alle pengane Noreg brukar går altså til sjukehus og det som høyrer til drifta av dei, rundt om i fylka. Store og sanne tal.

Kva kjem koronakrisa til å koste i direkte utgifter for staten? Det er ikkje så godt å seie på krona, sjølvsagt. Siste estimat er at balansen i statsbudsjettet for 2020 er svekka med tett på 200 milliardar kroner. Og går det for staten som for meg, så blir utgiftene høgare enn tenkt medan inntektene blir lågare enn tenkt. Opp med handa, alle som ikkje har det slik! Store og usikre tal.

Kvart år betalar NAV ut kring 350 millionar kroner til polakkar i Polen. «Fordømte snyltarar som forsyner seg grovt av den norske statskassa og gjer at me får mindre å rutte med!» Nok til å gjere mange fly forbanna. Nok til å stemme på det einaste partiet som påpeiker denne galskapen. «Vanvittig pengebruk», kan ein lese i kommentatorfelta. 350 millionar er mykje pæning, ingen tvil om det. Men det er på den andre sida berre ca. 1/5000 del av det totale pengeforbruket til staten. Om Ola tener 500 000, så svarar det til 100 kroner. For staten er det mindre enn ein kinobillett er for Ola. Stort, men lite tal.




Eg tenker litt på nokre konsekvensar av koronakrisa:

Det er nokså nøye 1 million barn under 16 år i Noreg. Minst 10 % av desse har ikkje heim og nettverk som fungerer. Minst 10 % av desse igjen har forferdelege heimar, der totalt fråver av omsorg er det som i beste fall finst. Vald og overgrep, ikkje minst psykisk, er noko desse barna opplever dagleg. 10 % av 10 % av ein million er 10 tusen. Dette er dei som har det så forferdeleg at slike som eg ikkje kan forestille meg det ein gong.

Der er ikkje berre næringslivet og staten som må betale, nei! Det har ikkje berre kosta pengar å redde mennskeliv frå koronaen, det har kosta mykje ekstra blod og tårar frå småungar og! Sverige får mykje hån for sin strategi, men dei har i det minste tatt dette på alvor. 10 tusen er eit, grusomt stort, lite tal, og det sanne talet er nok diverre mykje større.



Barna våre er utrolig viktig og mange av dem sliter i dag: Foto Kirkens Bymisjon

Etter ein økonomisk nedtur tek det erfaringsmessig tre-fire månader før ein ser det på prisane på bustadar. Slik var det då jappe-korthuset fall saman kring i 1988, og slik var det etter bankkrisa i 2008 (den gongen var det mest andre land som fekk det). Kva skjer til hausten og vinteren?

Kva skjer når mindre inntekter gjer det verre enn før å halde unna krava frå alle kort-tilbydarane? Renta er allereie nesten null på bustadlån. Kva då, om mange må selje? Då blir det meir til sals enn det finst kjøparar. Må ein selje, så må ein. Eg snakkar ikkje om folk som kan ri av stormen ved å selje hytta på Bortelid til altfor låg pris, dei er det ikkje verkeleg synd på. Dette er folk som berre har huset dei bur i. Og kanskje ein masse ting dei har kjøpt på kreditt, som ikkje er verdt noko som salsobjekt. Igjen blir det mange born som lir, som konsekvens av at det går over styr for dei vaksne. Lat oss berre håpe eg tek heilt feil!



Uansett

- noko må me då kunne lære av denne koronakrisa. Denne gongen er det ikkje berre naboen som er i trøbbel, denne gongen er det oss sjølve også. Neste gong noko liknande skjer (ja, for slikt kan jo faktisk skje), så vil det nok vere venta at me skal ha litt meir å gå på. Bedriftene må ha ein buffer, det same gjeld hushaldingane. Kva neste samfunnskrise blir, veit ingen. Men ho kjem nok ein vakker dag. Då stiller dei som lærte noko av koronaen sterkare. Sett i litt tidsperspektiv, så er kriser normalt. Lat oss sjå og lære!

(Bildet til høyre er forfatteren, for noen år tilbake. Foto UIA) -Olav Dovland

Send