Mange mener vi menn tenker med to hoder - i denne kronikken kan det delvis forsvares...

Olav Dovland har i denne lune artige fabuleringen sett på oss menn, når det kommer til biler. Kjøp av biler, verdien av kjøretøyet og hvor dumme vi menn egentlig kan være. Og selvfølgelig på sint kjente å gjære morsmål eller gammelnorsk/nynorsk om man vil. Overskriften skal jeg ta skylden for, om noen skulle føle seg krenket




På kjøretøy skal storfolk kjennast


Eg har mange tider undra meg på noko: Ein kan ha kjøpt seg ein nyleg EU-godkjend, ti år gammal grei bil til ein 30-35000 kroner og vere stolt over ny bil i heimen og at det er ei stund til neste gong ein må til med å finne seg ny bil. Så er ein i selskap då, eller på kjørkekaffi eller kvar ein no måtte trenge eit samtale-emne.


Ja, og så er det vel kanskje slik at det ein gjerne pensar praten over på, er noko der ein sjølv spelar ei viss rolle. Eg skal vere den fyrste til å innrømme at i snakket mitt er eg ofte omtalt.

Nok av det. Her vil ein altså fortelje om den nye bilen og slikt og gjerne svare på naturlege spørsmål som om «hor’e kjøpte du denna henne?» og «hå møe æ ‘an gjenge»? Det kjem sjeldan så langt. Veit du kvifor?


Jau, det plar alltid vere ein annan som òg har handla bil. Og denne andre har gjerne kjøpt seg splitter ny Volvo eller Tesla. Her snakkar vi ikkje lusne 30-35000, her snakkar vi 500k pluss! «Jaha, seie du det!» Hovuda snur seg. Denne bilhandelen er tydelegvis meir å høyre om.

Ja, det er altså kva eg undrar meg over.



Grunnen til at eg undrar meg

-er at min bil om to år framleis er verdt null eller meir medan Volvoen til 500k i beste fall er verdt 350k. 30 tusen mot 150 tusen i tap dei neste to åra. Er det nokon som har kjøpt dyrt, er det interesse. Kva den langsiktige planen for denne investeringa er, spør ingen om.

Det er ikkje noko gale i å kjøpe seg ny, dyr bil. Om ikkje, hadde det jo blitt smått med bruktbilar til meg. Men det er rett og slett himla dumt å kjøpe ny bil kvart tredje-fjerde år! Då kastar ein pengar ut av vindauga! Ein tapar sjukt mykje pengar, rett og slett, fordi objektet ein har kjøpt tapar seg vilt i verdi. Altså, eg synest det er dumt, men det står ingenting i Noregs lover om at det er ulovleg å gjere ting eg synest er dumt.

Det rare er kva som får menneske av same kjønn som eg til å ha noko interessant å fortelje, det er det eg er opptatt av, ikkje bilane, eigentleg.


Dette kjønnet

-har ein del representantar eg berre delvis forstår. Jon Almås hadde eit TV-program der det handla om korleis ein bruker lastestropp. Opp med handa alle som aldri har følt det ubehageleg å skulle jure lasset medan folk står og ser på… i alle fall har eg handa oppe. Veldig nyttig program, tenkte eg. «Dengang ei, sa Tordenskjold», her var det nokre hundre menn som ikkje var nøgde med nivået på undervisninga til Almås. Faktisk var det eit par som hadde såpass mykje betre innsikt i lastestroppstramming at dei skreiv i kommentarfeltet at dei ville drepe han.

Det handlar om mannestoltheit. Og det handlar om mannepublikum til mannestoltheit. Å tape 150 tusen kroner første året på ein ny bil passar både mannestolheita og mannepublikumet. Bra for bilbransjen! Lastestropp-problematikk treff mitt i nervesenteret til mannestoltheita. Det er ein så viktig ting at å bli «feilinformert» på akkurat det punktet er uaktuelt å finne seg i.

Kvinner er ikkje perfekte alltid, og eg skal nok skrive noko om dei og. Men menns nauteskap, og min inkludert, er noko verden neppe vil tape på at ein undrar seg over.


Olav Dovland

23.05.2020