"Bonnie Tyler, Lost in France" Ekspertråd

Min faste skribent og professor sitter fast i Frankrike, på vei hjem til Norge fra Spania, med bil. Men på tross av en bil som må ha litt hjelp og en flott familie med kone og to små barn, så har "min mann" skrevet noen tanker, fra rødvinens hjemland.



"Ekspertråd"


Eg er ekspert i matematikk

Men der sluttar ekspertisen min. Lurar nokon på kvifor minus gonger minus er pluss, så kan eg svare på det. Og eg uttalar meg med ein viss pondus når det er snakk om matematiske spørsmål – det der har eg greie på! Eg har også rimeleg greie på ein del bruk av matematikk, slik som korleis ein modellerer klimaendringar, korleis vêrmelding blir til og på signalbehandling.


Men det var ikkje min ekspertise eg ville ha fram denne gongen, faktisk. Eg tenkte meir på alle ekspertane som kommenterer i avisene, som held det gåande ved middagsborda i dei tusen heimar og som gjer Facebook til ein stad der alle andre tek feil og eigentleg burde fjernast frå jordas overflate.


Eg må seie eg er imponert

Greitt nok at mange var ekspertar på klima, og med bakgrunn i sine enorme kunnskapar kunne snakke om klimahysteri og slikt. Dette er forståeleg – dei har jo hatt ei stund til å lære seg ting. Så kom Koronaen. Og trur du sanneleg ikkje dei same folka på mindre enn fjorten dagar har skaffa seg innsikt i, og kunnskapar om, korona-epidemien som langt overgår doktorgradane som jobbar på Folkehelseinstituttet, i alle fall.

Eg las i Fevennen her om dagen eit stykke skrive av 8 forskarar. Stykket var av den reflekterande arten, men hadde ein konklusjon noko i retning av at det er lurt å opne opp samfunnet noko meir enn det ein gjer i dag. Kommentarfeltet var underhaldning av høg klasse. Heilt på topp var ein som omtalte desse 8 som «velmenende besserwissere». Du verden for tankar ein slik kommentator må ha om seg sjølv! Eg kan sjå for meg korleis denne mannen ville sjå på meg over brilleglasa medan han fortel meg korleis ting eigentleg heng i hop. Eg er og rimeleg sikker på at same mannen veit nøyaktig kvifor Start slit, i motsetnad til dei som driv klubben.




Har du sett dette blikket nokre menn har?

Dei er så inni nåden overtydde om eigne vurderingar, og augo deira fortel det. Eg er så imponert over eit slikt fullstendig fråver av sjølvinnsikt. Når eg snakkar om ting eg ikkje har greie på, så veit eg sjølvsagt at folk som har greie på det høyrer på måten eg snakkar at eg ikkje har peiling. Det må vere denne tanken som enno ikkje har vore innom kontrollsenteret hos dei som skriv om klimahysteri eller kva det no måtte vere.


Kvinner gjer det på ein litt annan måte

Dei har for eksempel veldig forstand på sjukdomar og korleis slike skal behandlast. Dei handlar helseprodukt på nett. At eit samla korps av legar og medisinsk ekspertise seier desse produkta i beste fall ikkje gjer nokon vesentleg skade, er ikkje interessant. Kva veit vel dei?

No er det ikkje slik at eg er feilfri på desse punkta, eg heller. Men eg har mykje respekt for arbeidet som ligg bak det å kunne noko. Bortsett frå akkurat det å kunne lire av seg om enkle løysingar på kompliserte problem, då!


Olav Dovland

19.04.2020