9-grana på Bø 

9-grana på Bø er eigentleg 9 grantre som har vakse opp i ei klynge. Ho veks like ved der fylkesveg 304 kryssar Bøåni, mellom Bø (Bygland) og Appleknodden.


Sjølv om treklynga står ope og like ved vegen, så legg få merke til 9-grana om ein ikkje kjenner til henne. Desse 9 trea har vakse lenge her og vorte til ein stor stamme nede ved bakken. Kor gamle dei er veit ingen, men teikn tyder på dei heller ikkje vert så veldig mykje eldre. Dei tette greinene har vorte meir glisne med åra.



Eit underlig skue-denne grana: Foto Knut På Bø


Ei gran og ein nisse

kan òg verta gamal. Noregs, og truleg Nord-Europas eldste levande gran var 532 år gamalt i 2012. Dette vaks i Trillemarka i Buskerud, på grensa mellom Sigdal og Numedal. Noko særskilt namn har ikkje trea, så ein seier berre 9-grana. Ei slik klynge er vel ikkje så skjeldan, men her like inntil vegen er ho lett å sjå for alle. Det er fortald at 9-grana har vore omtala i ei turistbjosjyre ein gong, kan hende i ei som var meint for sykkelturistar etter Nasjonal Sykkelrute nr. 3, som fylgjer fylkesveg 304 mellom Byglandsfjord og Storestraumen. Like ved 9-grana står det ein stor stein like inntil vegen. Gjennom åra har born blitt fortald eventyr om ein nisse som budde inni steinen.


For å minnast det har Knut På Bø set ut ein nisse kvar jol ved denne steinen til glede for vegfarande.


-dette er fra både wikipedia og skreven av Knut på Bø


-redaktøren

28.03-2020